Sider

14.4.18

Oppgitt over omskjeringsdebatten

Eg var ein del av det marginale fleirtalet på SVs landsstyremøte som i helga stemte for å innføre ei aldersgrense for rituell omskjering av gutar. Etter gode innlegg frå begge sider har eg tvilt meg til at barneombodet si linje i denne saka er den rette. Men eg er såpass i tvil om kor rett dette er, at hadde ikkje SV samtidig stilt stortingsrepresentantane sine fritt, hadde det vore vanskelegare å lande der eg gjorde. Eg har også stor respekt for at nestleiar Snorre Valen, som lenge har fronta partileiinga sitt syn om at aldersgrense ikkje er rett, seier at han ikkje vil arbeide for fleirtalets syn i denne saka.

Dette er ikkje eit innlegg om korfor eg meiner eg stemte rett, eller kva argument som har overbevist meg. Ei heller eit innlegg om at dei eg er ueinig med tar feil, og korfor.

Eg meiner framleis eg har landa på rett avgjerd, men mange av dei skråsikre innlegga og kommentarane på sosiale medier i denne saka er ikkje noko som taler til nokon sin fordel. Eg har sett fleire innlegg og debattrådar på sosiale medier særleg i går og i dag, som gjer meg oppgitt, og i enkelte tilfelle rett ut skremt; andre sine syn blir karikert, diskreditert og på ingen måte respektert. Uansett kva ein måtte meine i denne saka, tener det ikkje til nokons fordel å hevde at andre har dårlege intensjonar, eller teikne opp falske fiendebilete med ord som "barbari" eller "lemlesting" eller at "politiet skal banke på døra til jøder". Eg forstår at dette er ei sak som får fram kjensler i mange, og at det kan få nokon til å skrive på sosiale medier i affekt, men det rettferdiggjer ikkje på noko vis usaklege og krenkande innlegg.

I sjølve landsstyredebatten var det stort sett ein god og sakleg debatt frå begge sider, etter mi oppfatning. Nokre av dei klokaste innlegga i debatten vart framført av folk eg likevel enda opp med å vera ueinig med når vi kom til avstemming, og eg har stor respekt for deira syn. Eg anerkjenner mange av argumenta som vart framført frå begge sider, og det vart til slutt for meg ei vekting av argument og prinsipp mot kvarandre. Å finne gode løysingar når gode argument (og prinsipp) kolliderer med kvarandre er kanskje den mest vanskelege øvinga vi kan gjere i eit parti. Det er likevel mykje betre å gjere det i eit debattklima der ein respekterer kvarandre og legg opp til ein opplyst debatt, enn når ein kastar skit på kvarandre på Facebook og Twitter.

Det er lov å vera ueinig, det er lov å meine at andre tar feil, men det er framleis ein uting å tillegge folk intensjonar, meiningar og haldningar dei ikkje har. Slutt med det.

21.2.17

Forsøplelse og straff - ein Veirenoroman

Mange har fått med seg søppelkaoset som har vore i hovudstaden dei siste månadane. I perioder har det jo sett ut som om det er heile landet som ikkje har fått tømt søpla til rett tid, så mykje spaltemeter rikspressa har brukt på renovasjon.

No ser det ut til at saka er over - renovasjonsselskapet Veireno slår seg konkurs, Oslo kommune tar over både tilsette og utstyr, og rekommunaliserer henting av søppel. Dette kan vera eit godt eksempel på kor vanskeleg (og etter mi meining unødvendig) det er å konkurranseutsette samfunnskritiske tenester og infrastruktur.

Men det er eit anna aspekt ved denne saka som no ser ut til å vera gløymt, og det er den alvorlege arbeidsmiljøkriminaliteten som vart avdekka av mellom anna Dagbladet, og som var den direkte grunnen til at Oslo kommune kunne seie opp kontrakten med Veireno.

Over to tusen gonger har selskapet brote arbeidsmiljølova sidan dei starta opp anbodet i oktober i fjor. Arbeidstilsynet har anmeldt selskapet til politiet, men no når selskapet er konkurs, er det kanskje ikkje meir å gjere?

No er det sjølvsagt domstolane som skal ta stilling til skyld og eventuell straff, men eg synst denne saka tener godt som eit eksempel på arbeidsmiljøkriminalitet som heilt openbert går så langt at det må vera grunnlag for straff. I all fall etter det som heiter "folks rettskjensle".

Eg har ikkje noko tal på kor mange som blir dømt for arbeidsmiljøbrott i Noreg kvart år, så det kan hende det blir påtala mange fleire enn eg trur. Men i så fall er det etter mi meining eit problem at det ikkje blir skrive om det i media. Dei useriøse arbeidsgjevarane treng nemleg å veta at om dei bryt arbeidsmiljølova kan det få strafferettslege konsekvensar.

Arbeidsmiljølova inneheld ein paragraf om straff, der det heiter at arbeidsgjevar kan dømmast til fengsel i inntil eit år. For særleg strenge brott i inntil tre år. Det er nok ein del arbeidsgjevarar der ute som eigentleg kunne vore dømt etter den paragrafen, men som har sleppt unna. I tillegg går det an å bli frådømt retten til å drive næringsverksemd. Det synst eg berre skulle mangle for folk som behandler sine tilsette på ein sånn måte.

Det er eigentleg paradoksalt at det ikkje er noko krav til opplæring for å få vera arbeidsgjevar, men for å selje øl må du ha bestått ein prøve.

20.2.17

Tale til fylkesårsmøtet

Tale til fylkesårsmøtet i Troms SV 18. februar 2017


Velkommen til fylkesårsmøte i Troms SV

Her skal vi behandle og godkjenne det vi har gjort
her skal vi vedta kva vi står for og kor vi er no,
og vi skal bestemme kor vi skal gå framover.

Vi skal velje våre tillitsfolk og kven som skal representere oss på Stortinget.

Eg skal ikkje seie mykje akkurat no om kva vi har gjort, det kjem vi tilbake til når vi skal godkjenne rekneskap og årsberetning seinare. Men eg vil seie noko om kor vi er no, og kor eg meiner vi skal gå framover.

SV går til val i 2017 på slagordet “ta kampen for eit varmt samfunn”. Det er det same mottoet som vi gikk til val på i 2015. Samtidig går vi til val her i Nord-Noreg på å fortsette arbeidet under “Ja til Nord-Norge”-parola som dei tre nord-norske 1.kandidatane starta i 2013.

Det er begge gode slagord, (sjølv om eg personleg liker Ja til Nord-Norge best). Men kvaliteten på ei parole målast ikkje berre på ordlyden, men på kva vi veljer å fylle orda med.

Og då er det eit perspektiv eg vil at vi skal legge i dei når vi arbeider både med politikk og organisasjon fram mot valet, og i regjeringstida etter valet og.

Ordet her er makt. Både kva slags makt vi skal ta, men og kva slags makt vi skal forsvare oss sjølv og andre MOT. Arbeidarrørsla har ei gammel parole som heiter “Friheit frå vilkårleg makt”. Den friheita er ein forutsetning både for eit varmt samfunn, og for det Nord-Noreg vi vil ha oss.

For kva er eigentleg vilkårleg makt?

Jo, det er når arbeidsgjevaren din kan seie deg opp utan sakleg grunn, når du ikkje får fornya den midlertidige kontrakta berre fordi sjefen ikkje likar trynet ditt, eller fordi du er den som seier frå. Eller når tilfeldigheitar i livets lotteri, som sjukdom, uførheit eller kva slags kjønn du er født med, avgjer kor mykje du får i lønn å leva for kvar månad.

Det er også når han eller ho du bur saman med brukar si makt til å få deg til å gjere ting du ikkje vil. Når norskfødte menn brukar utlendingslovgivinga som amnesti for valdshandlingar overfor ektefella dei henta frå eit anna land, fordi ho veit ho kan bli kasta ut av landet om ho anmelder saka.

Det kan og vera vilkårleg maktbruk når storsamfunnet, enten det er Stat eller kommune, legg ned tenester og arbeidsplassar i lokalsamfunnet fordi det berre er stordriftsfordelar som skal reknast med, ikkje smådriftsfordelar eller stordriftsulemper. Når Andøy kommune mistar så mange statlege arbeidsplassar at det ville tilsvara meir enn Haukeland sjukehus, universitetet i Bergen, og Haakonsvern orlogsstasjon tilsaman opplevast det som eit maktovergrep frå storsamfunnet. Det må vi ta på alvor.

Det er vilkårleg makt når anna land brukar truslar om bruk av makt for å tvinge gjennom vilja si, enten det er økonomiske sanksjonar eller militær maktbruk det blir trua med. Men det kan og vera vilkårleg maktbruk å blindt følgja Nato i å sette inn styrkar i ein eller anna konflikt ein stad i verda.

Og det er ikkje minst vilkårleg maktbruk når storkonsern eigd av internasjonal finanskapital trugar med å flytte arbeidsplassar ut av landet om dei ikkje får det som dei vil, eller når dei snyt på skatten og flyttar pengane til Cayman Islands, eller når dei klagar Noreg inn for ESA fordi vi ikkje har liberalisert arbeidslivet nok slik dei les EØS-avtala. Eller når dei skit i miljøet og slepp ut olje i fiskeriane eller gruveavfall i fjorden, fordi det er det som gir profitt til investorane.

Vi må beskytte både individ og lokalsamfunn mot vilkårleg maktbruk. Vi må lage system som gjer oss den friheita. Og for å gjere det, må vi tørre å ta makt.


Vi må kjempe mot sentraliseringa som staten legg opp til i både kommunereform, nærpolitireform, og i ein regionreform som er heilt utan innhald. SV har sagt at vi er tilhengarar av større regionar, mellom anna fordi vi vil ha sjukehusa tilbake under reell demokratisk styring og ikkje styrast etter foretaksmodellen. Men ein regionreform der det berre blir dobbelt så mange vidaregåande skolar å administrere under same paraply, over meir enn dobbelt så stort areal, det er ikkje ein reform vi kan bruke til noko vettugt.

Vi må i staden for å sentralisere legge om tenkinga, og fokusere på det eg vil kalle eit “nær-stat”-prinsipp. Dei offentlege tenestene er til for folk og lokalsamfunn, ikke omvendt. Det betyr at vi må legge opp tenestene slik at dei er å få tak i der folk bur. I staden for å legge ned lånekassa sitt kontor i Tromsø for å flytte arbeidsplassane sørover, burde vi opprette lånekassekontor i dei andre byane som har studentar - Harstad, Alta, ja gjerne i Midt-Troms og, for den del. Eit av argumenta frå departementet for å legge ned lånekassa var at no kan så mykje gjerast på nett, at vi ikkje treng å ha folk over alt. Det same argumentet høyrer vi igjen - i skatteetaten, i politiet, om fiskerikontora osv.

Eg vil heller seie - det at så mykje kan gjerast over nett betyr jo nettopp at vi kan ha tenester tilgjengeleg over alt. Så kan ein gjere mange arbeidsoppgåver uansett kor ein sitt i landet, men då må det jo gå an å bruke teknologien til å spre både arbeidsplassane og tenestene over heile landet? Og så må det gjerast på ein annan måte enn det regjeringa no foreslår, kor du tar heile etatar og berre tvangsflyttar ut i landet utan ein skikkeleg prosess overfor dei som allerede arbeider i etaten.

Det å sørge for tenester og arbeidsplassar i heile landet - er også å sørge for at makta i landet er spredt. Det er å sørge for at kompetansen i dette landet er spredt utover - og det er og eit bidrag til å bryte opp maktkonsentrasjonen som sitt i Oslo. Vi skal ta makta tilbake til landsdelen og lokalsamfunna. Det er å seie ja til Nord-Norge.


Så er det eit anna perspektiv med det å ta makta. Det betyr at vi og må tørre å seie at vi søker makt. Det kan seiest mykje om tida SV satt i regjering, og det er ikkje sikkert at den rette måten å ta makt på er gjennom å gå i regjering etter valet. Men det er i all fall ikkje rett å seie at vi IKKJE under nokon omstende vil vurdere å gå i regjering. I så fall har vi ikkje noko med å stille til val i det heile. Det er kor mykje av politikken vi får gjennomslag for som er avgjerande for kva slags måte vi skal vera med å ta makta i dette landet.

I snever forstand betyr det sjølvsagt at vi skal gjennom ein valkamp som skal sørge for at Torgeir får halde fram på Stortinget for Troms SV!

Men denne kampen er faktisk større enn akkurat denne eine stortingsvalkampen.

I USA pågår det no ei mobilisering for fredeleg motstand mot president Trump, noko vi har sett i fleire demonstrasjonar i det siste. Nokon kallar det “the resistance” - motstandsrørsla.

Demonstrasjonar er berre ein måte å påvirke og ta makt i samfunnet på, men det er eit kampmiddel som har mykje til felles med korleis arbeidarrørsla gjer ting.

Og det er ein type makt som vi ikkje har vore flink nok som parti til å støtte opp om, men som er viktig for dei rørslene vi har mykje til felles med. Det er den demokratiske utenomparlamentariske makta. Demonstrasjonar, streikar, 1. Mai og 8. Mars, aksjonar mot dumping av gruveavfall eller for at asylborn får bli i landet.

For å hente meir inspirasjon frå fagrørsla: Korleis har fagforeiningane kjempa kampen mot vilkårleg makt? Jo, gjennom å organisere arbeidsfolk, for så å bruke den makta den organiseringa gjer til å få gjennom reell endring.

Eg veit at det er fleire i salen her som er aktive i ei fagforeining i ein eller anna forstand. Eg arbeider sjølv for ei fagforeining, og som fylkesleiar i eit sosialistisk parti, reknar eg med - nei, eg forventar - at alle i salen er medlem i ei eller anna fagforeining.

I tillegg er - som idealistar og SVarar ofte er - mange her aktive også i anna miljø - i fredsrørsla, i Nei til EU, i miljørørsla, i kvinnerørsla, i jernbanesak, eller inkludering og minoritetar sine rettar.


Det er dei rørslene vi må bygge vidare på. Men det er ikkje lenger nok at vi er ein del av det. Vi må bygge og utvide “motstandsrørsla” med familie, venner, kollegaer.

Snakk med kollegaene dine - sørg for at dei er organisert i ei fagforeining
Snakk med familien din - Kan dei tenke seg å vera med på 8. Mars, i ein miljøorganisasjon, på eit anti-krigsarrangement? Ikkje alle kan vera med på alt. Men alle kan vera med i noko.

Vi skal sjølvsagt ikkje slutte å spørre folk direkte om dei vil bli medlem av SV. Men vi må ikkje gi opp folk berre fordi dei ikkje vil melde seg inn i partiet. Det kan vera mykje godt i dei for det. Det må vi støtte opp om.
Og jo sterkare fagbevegelsa, kvinnebevegelsa, fredsbevegelsa og miljøbevegelsa er, jo enklare er det å bygge opp politikk som gjer folk friheit frå vilkårleg makt.

Organisér!

Vi skal no inn i ein valkamp der vi treng ikkje berre medlemmer i SV, men vi treng ei sterk venstreside med alle desse rørslene for å ta makta tilbake til folket.

Vi skal seie Ja til Nord-Noreg

Vi skal ta makta tilbake til folket

Vi skal ta kampen for eit varmt samfunn

9.1.17

Ræma, proteksjonisme og frihandel

Det bles rundt Rema 1000 og Reitan si nysatsing "Æ" etter at Mack gjekk ut og sa at dei sannsynlegvis ikkje fekk halde fram med å levere Mark sine produkt til Rema-butikkar over heile landet. Rema skal nemleg no la sine "bestevenner" få større plass i butikken på bekostning av dei andre leverandørane. Dette rammer ikkje berre Mack, men òg Hansa, Aas og ei rekke anna leverandørar av mange forskjellige produkt. (Så er det ølet vi ropar høgast om, men det er vel ikkje anna å vente.)

Det vi ser her er eigentleg proteksjonisme i praksis. Carlsberg og dei andre "bestevennene" får tilnærma monopol i Rema sine butikkar.

Korfor er det slik at når proteksjonisme skjer i den private marknaden berre for å auke profitten (på bekostning av utvalet til forbrukarane) er det akseptert, ja nærmast ein naturlov at det må vera slik? Men om det offentlege forsøker å velje sine leverandørar, krevje lokale ringverknader, anstendige arbeidsforhold eller skjerpa miljøkrav blir det fort brot på handelsavtalar (les: EØS), konkurransevridande, og umoralsk?

Eg er tilhengar av både handel og konkurranse. Men han må vera regulert, både internasjonalt og nasjonalt, slik at han kjem alle til gode, og ikkje gjer nokon makt på bekostning av andres rettar eller fridom. Noreg treng å selje fisk og (enn så lenge) petroleum til anna land, og vi kan ikkje dyrka bananar. Ikkje lagar vi bilar her i landet heller. Så handel er eit gode. Men ikkje uhemma.

Internasjonalt er det no dei store multinasjonale selskapa som får "fridomen" i den såkalla "frihandelen", og alle vi andre som betaler - i form av forringa arbeidsvilkår, dårlegare utval av produkt, mindre lokale ringverknader, og dårlegare miljø.

Nasjonalt sitt dei store dagligvareaktørane med bukta og begge endane, både overfor leverandørane (som Mack), overfor dei tilsette, og overfor oss som forbrukarar. Dei bestemmer utval, kor varane skal stå.

No har forbrukarar tatt til motmæle og fleire oppfordrer til forbrukarboikott av Rema. Forbrukarmakt kan vera eit godt middel til å påverke dei store aktørane, kanskje særleg når det kjem til kva butikken skal tilby eller ikkje. Vi kan ikkje regulere oss til at Mack skal ha plass i nokon som helst butikk, det vil ikkje bli rettferdig eller rett. 

Men det er likevel eit underliggande strukturelt problem her, som ikkje berre forbrukarmakta kan løyse, og som eg meiner er eit politisk ansvar. Kan hende regjeringa ikkje skulle lagt bort lovforslaget om god handelsskikk, for eksempel.

3.1.17

Poliåtte, polini, politi.

20 % av politifolk i Noreg ser seg nødt til å jukse med tal for å få måltala til sjefane til å gå opp, kan vi lesa på vg.no i dag. Det er ei studie ved Høgskolen i Oslo og Akershus som viser dette.

Dette er eit godt eksempel på unødvendig og tankelaus bruk av målstyring i offentleg sektor, såkalla New Public Management (NPM). Det blir viktigare å oppnå "rett" antal kontrollar, bøteleggingar og arrestasjonar; heller enn å gjere det politiet eigentleg har som oppgåve i samfunnet: Å gjere det tryggare for oss alle.

Problemet for dei effektiviseringskåte NPM-leiarane er at tryggleik ikkje er ei kvantifiserbar oppgåve. Effekten av folkeopplysning, førebygging og det å vera til stades kan ikkje reknast på og settast inn i eit rekneark like enkelt som kor mange promilletestar som er tatt, eller kor høgt belegg det er på glattcella.

Christin Thea Wathne som har gjort studia, seier til VG: 
– Det må ses i lys av at mange ansatte opplever at mål- og styringsssystemet ikke favner de viktigste oppgavene og gir lite motivasjon, samtidig som det er ressurskrevende og stjeler tid fra det de opplever er viktigere oppgaver. Dette er gjerne oppgaver som handler om å bistå publikum i stort og smått, men som ikke er en del av det som registreres i målstyringssystemet. (Mi utheving.)

Legg merke til at det ikkje berre går ut over motivasjon til politifolk, men det går også ut over oppgåver som handler om å bistå publikum. Publikum på politispråket, det er oss, det. Befolkninga.

Eg er mistruisk til politireformen. Ikkje berre fordi enkelte lensmannskontor blir lagt ned, men også fordi den såkalla effektivitetsgevinsten som skal komme, fort kan komme til å bli "dokumentert" med slike tal som kan målast, medan dei viktige tinga som ikkje kan målast blir gjømt bort.

Den eigentlege tryggleiken til folk flest kan nemlig ikkje målast på den måten.

4.12.16

Det handlar om å ikkje ta livet av folk

Diskusjonane om bompengar i Tromsø går friskt på facebook og i avisspaltene. Ikkje minst får fylkesrådet og kommunen kritikk for at forslaga om bompengar kjem til å føre til at mange får det vanskelegare. Men dei som har det mest vanskeleg er dei som får svekka helse og lågare livskvalitet, og i verste fall - kortare liv.

Eg forstår at det er vanskeleg med fleire timar i buss kvar dag for å både levere og hente i barnehage eller SFO, komme til og frå arbeid, og kanskje i tillegg ha nokre ettermiddagsaktiviteter for seg sjølv eller ungar. Då er det berre privatbil som så langt er eit reelt alternativ for mange, og bompengar blir berre ei ekstra utgift som dei uansett vil bli nødt til å betale.

Sjølvsagt må vi finne løysingar som gjer det enklare for dei dette gjeld. For eksempel at ein ikkje betaler for kvar passering, men kan passere så mange bomstasjonar ein treng på 1 eller 1,5 time. Det vil også vera viktig å tilby barnehageplass og fritidsaktiviteter i nærmiljøet, slik at transportbehovet også kan reduserast.

Men vi kjem ikkje unna at heile poenget med både bompengane og anna tiltak er å redusere trafikken. Dette er noko alle partia på stortinget (unntatt Frp) er einige om er nødvendig. Frp har til og med samferdselsministeren som har ansvaret for bymiljøavtalene som slår dette fast. Det er eit viktig klimatiltak, men også eit viktig tiltak for lokal luftkvalitet og dei negative helsekonsekvensene dette vil få.

For det er heile poenget.

Folk blir sjuke og døyr på grunn av svevestøv og forureining.

Kor mange skal vi akseptere at må stryke med fordi befolkninga i Tromsø ikkje klarer å redusere biltrafikken? Kor mange sjukehusinnleggingar er det verd å slippe ein bomstasjon eller to? Kor mange menneskeliv?

Politikk handlar om å prioritere. Og i valet mellom helse og menneskeliv på den eine sida, og transportbehov og bilbruk på den andre, vil i all fall eg prioritere å berge liv og helse. Så må vi også jobbe knallhardt vidare med å legge samfunnet til rette for alle.

Men det handlar rett og slett om å ikkje ta livet av folk.

29.11.16

Storting og Småting

Flytt stortingspolitikarane tilbake til fylka dei kjem frå!

Dette er ikkje ei oppfordring til å velje berre nye politikarar ved stortingsvalet neste haust (sjølv om eg synst godt nokre av dei kan bli erstatta av nokon av anna politisk farge).

Dette er i staden eit forslag til omorganisering av Staten, illustrert med den høgste makta i landet, nemlig Stortinget. Om det stemmer at den teknologiske utviklinga legg til rette for å flytte på arbeidsplassar og tenester, vil jo dette også måtte gjelde statsforvaltning og politikk?

Folk bur i heile landet. Stortinget ligg i Oslo. Korfor ikkje lage "Småting" rundt om i alle fylka, og ha dette som fast arbeidsplass for stortingsrepresentantane? Debattar, avstemmingar og møte kan jo skje digitalt? Så kan det faktiske Stortinget samlast til høgtideleg opning, og kanskje til avstemming over grunnlovsforslag og budsjett, mens resten av tida brukar stortingsrepresentantane i heimfylket sitt?

No har eg ikkje avstemt dette med nokon noverande eller tidlegare stortingsrepresentant, så det er heilt sikkert nokre motargument som må takast med i planlegginga av eit slikt tiltak. Men eg meiner det er viktig for folk at makta ikkje sitt for langt unna, både fysisk og mentalt. Og et pålegg om at stortingsrepresentantane skal arbeide meir frå der dei kjem frå vil bidra til det. Nokon vil sikkert meine at dei gjer det i stor grad allereie i dag, men poenget med dette forslaget er at dei tinga som i dag gjer at dei må møte i Oslo, ikkje treng å gjerast i Oslo.

Ja, det vil kreve investeringar i infrastruktur, datatryggleik m.v., men det må vel demokratiet vera verdt?

Så kan neste steg vera å flytte departementa og etatane ut i landet...